15. november fekk masterstudentar med fordjuping i KRLE prøve eit undervisingsopplegg der dei går inn og ut av ulike forskarroller.
– Opplegget skal gjere at studentane blir meir medvitne si eiga rolle som forskar i masterprosjekta, og at dei utforskar korleis ulike teoretiske rammer og metodar gir ulike svar, fortel Øyvind Soltun Andreassen, stipendiat i religiondidaktikk ved NTNU.
Undervisingsopplegget som han hadde med til UiA og som masterstudentane våre med fordjuping i KRLE fekk prøve er ein del av doktorgradsarbeidet hans, kor han ser på ulike metodar innanfor KRLE-faget.
– KRLE-faget etter fagfornyinga legg stor vekt på ulike forskings- og arbeidsmetodar, og dette undervisingsopplegget er eitt av fleire spor eg følgjer i avhandlinga mi for å utforske kva dette vil og kan seie både for skulefaget og for lærarutdanninga.
UtForskerne
Andreassen har laga eit undervisingsopplegg som han i haust har prøvd ut med studentar ved to andre lærarutdanningsinstitusjonar og til slutt no ved UiA. Kvart forsøk er ein del av prosjektet og utviklinga, og han samlar inn data og tilbakemeldingar for kvar runde som er med på å betre og vidareutvikle opplegget.
– Eg byggjer på UtForskerne, eit opplegg for religions- og livssynsundervising på grunnskulen utvikla i England med namnet REsearchers, seier Andreassen.
Her er det utvikla fire figurar som representerer ulike måtar å tileigne seg kunnskap på, som skal hjelpe elevane å sjå og gå inn i prosessane som ligg til grunn for kunnskap. Andreassen stilte seg spørsmålet, og prøver no ut, om ein ikkje kan gjere det same i høgre utdanning.
– Eg ber studentane først om å fylle ut eit rollekort om seg sjølv, der dei skriv inn teori, metode, kontekst, personleg motivasjon og så bortetter for korleis dei skal forske på temaet sitt. Dette for at studentane skal ta to steg tilbake og sjå på prosessen og seg sjølv litt utanfrå, og dermed også gi rom for å reflektere over sin eigen posisjon og rolle som forskar.
Men den verkelege testen kjem når studentane skal byrje å skrive ut rollekort for andre, hypotetiske forskarar og så gjerne byte ut somme ting i sitt eige kort.
– Heilt til slutt ser me på kva som skjer med prosjektet deira dersom dei byter ut ein eller to ting, om dei til dømes går frå litteraturstudie til ei kvantitativ undersøking. Dette er berre ein del av prosjektet, men me ser likevel korleis det å endre den vil påverke heilskapen betrakteleg.
– Slik ønskjer eg at studentane skal få jobbe med og reflektere over kva teori og metode faktisk er og gjer, og kor stor og viktig rolle dei spelar i prosjektet som forskar, avsluttar Andreassen.
Interessant og nyttig
Arian Tawfiq og Kobi Tekie er to av studentane som var med, og som skal skrive masteroppgåve i KRLE i vår. Dei hadde store forventingar til opplegget, som fylde ein heil dag og som bestod av både individuelt arbeid og diskusjonar og arbeid i grupper.
– Dette var interessant og nyttig inn mot masteroppgåva, seier Tekie.
– Det var nyttig å drøfte andre metodar og å bruke desse til å reflektere omkring problemstillinga i eige prosjekt, held ho fram.
Tawfiq synes også det var nyttig å sjå prosjektet i lys av andre metodar og inngangsvinklar, men såg kanskje størst verdi i arbeidet med eige prosjekt.
– Det mest aktuelle for meg var nok kortet om masteroppgåva. Her var det mykje som er relevant også for prosjektskissa og arbeidet vidare der.
Opplegget tek også opp personlege rammer og motivasjon inn i forsking, og Tekie peiker på at dette også var noko ho ikkje har tenkt like mykje på tidlegare.
Tilbake neste haust
Opplegget og besøket er som nemnd ein del av Andreassen sitt doktorgradsprosjekt og skal utvikles vidare. Det vil seie at han også gjerne kjem på besøk neste haust, med ny og vidareutvikla versjon, og det er han hjarteleg velkommen til!
Tekst og bilete: Nils H. Korsvoll
Eva Mila Lindhardt says
Veldig interessant prosjekt og viktig at også studenter på masternivå blir involvert i andres forskning som informanter og samtidig får reflektere rundt deres egen rolle som forskere.